Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Posts Tagged ‘språkhandling’

På side 34 i Kunstverkets opprinnelse står det: I verkets nærhet var vi plutselig et annet sted enn vi vanligvis pleier å være. Og eg hadde tatt turen til Oslo frå Bø, der eg vanlegvis er, for å diskutere kva Heidegger meiner definerer eit kunstverk. Og kunstens vesen er noko sånn som «det værendes sannhet i-verk-settelse av seg selv». Aha. Og «sannhetens hendelse, åpningen av det værende, er på ferde i verkets væren». Javel. Sånn, var eg klar til å ta toget tilbake?

Nei. Eg var plutseleg ein annan stad enn eg pleier å vera. Nøkkelen for å forstå det Heidegger seier om verket og korleis sanninga opptrer som aktør som er på ferde i verket, var difor å trekke parallell til språket og talehandlingsteori (der eg er meir kjent). At Heidegger mot slutten held diktekunsten fram som primærkunst fordi det å nemne er sentralt også i andre  kunstformer, altså at skaping av kunst er språkleg, forsterkar truverdet til ei slik lesing.

Den språklege vendinga er eit oppgjer med korrespondanseteorien for sanning, bort frå synet på sanning som samsvar mellom påstand og saksforhold, bort frå den tradisjonelle subjekt-objektdikotomien som Heidegger avviser i arven frå Descartes, og til noko felles mellommenneskeleg. Ut frå dette synet oppstår talehandlingsteori som seier at språket gjer noko meir enn å seia noko sant/usant om saksforhold i verda. Ved å seia noko, handlar ein i språket. Som mottakarar av ei ytring kan ein bli rysta, glad, provosert osb., og ytringa rystar, gleder og provoserer. Er det dette som skjer når sanninga er på ferde i kunstverket slik Heidegger skriv? Som i språket der det å seia ei ytring (lokusjonær handling) er noko anna enn det ein gjer ved å seia ytringa (illokusjonær handling), forstår eg nå at Heidegger seier noko tilsvarande om verket; framstillinga er noko anna enn kva kunsten gjer. Og til sist er det sentralt at verket ikkje er for seg sjølv, men i møte med nokon, verket skjer som verknad hos nokon, tilsvarande perlokusjonær handling som verknad av den illokusjonære handlinga. Verket skjer som ei hending i møte med nokon, på nytt og på nytt. I dette ligg skapinga av verket. «Når kunsten skjer, dvs. når det finner sted en begynnelse, kommer det alltid et støt inn i historien, og historien enten begynner eller begynner på nytt. Med historie mener vi ikke her rekkefølgen av forskjellige og aldri så viktige begivenheter i tiden. Historie er et folks henrykkelse inn i det som er pålagt i form av en innrykning i det som er medgitt.» (s. 94)

Og apropos reise og kunst, diktekunst, vil eg avslutte med ei strofe frå teksten Det skjer nå med oss alle undervegs av Kari Bremnes:

Det skjer nå med oss alle underveis
Det kommer, vi får bare ikkje vite når det skjer
Vi e forandra
Æ skjønne det først etterpå
Og snur mæ etter det æ ikkje ser
I det æ så
Og innimellom e vi to
Som leite mellom linjen
Etter det som bind oss sammen
Eller brast
I et forsøk på å holde nåkka fast

Read Full Post »